Jeremias Henden

JEREMIAS HENDEN

 

Jeremias E. Henden (1879-1923) frå Austrheim. Anleggsarbeidar, slåttekomponist og spelemann.

Han arbeidde m.a. på fleire store kraftverksanlegg i Sør-Noreg, og gav ei mengd konsertar både i anleggsleirane og på eigne konsertturnear seinare. Den mest kjende slåtten som Henden komponerte, er ”Sulitjelmagaloppen”.

Han var fødd på småbruket Gjærane på Austrheim i Gloppen i 1879. Faren var Endre Kristenson Henden, frå Hennebygda. Han var lærar og bankkasserar. Mora var Eli Jeremiasdatter Aase.

 

Jeremias gjorde landet til sitt verkeområde.Han var spelemann og rallar i nord, der han skriv sitt mest kjende verk Sulitjelmagaloppen. Jeremias slo gjennom med musikken og på mange andre vis. Det gjekk både rykte og gjetord om hans korte og omflakkande liv, han var nærast ein segnfigur.

Jeremias døyde i 1923, berre 44 år gamal.

 

Jeremias Henden var eit musikalsk geni frå Gloppen i Nordfjord. Vi vil heidre Jeremias ved å nytte namnet hans som festivalnamn.

 

© Jeremiasfestivalen 2017