2015

 

 

Grove Horn

Grove Horn er ei visegruppe med eit bein på kvar side av kjølen. Halvt svensk og halvt norsk. Gruppa spelar gamle tradisjonelle viser og repertoaret er like svensk som det er norsk. Det spenner over fleire typer, som rallarviser, sjømannsviser, skillingsviser, lofferviser, drikkeviser, signøynersanger med meir, og gruppa selv betegner det som rallarpop. Gruppa er opptatt av historieformidling og brukar musikken til å skyve fram i lyset bestemte delar av vår kulturhistorie. Hausten 2010 starta dei på eit samarbeid med folkeminnegransker og forfattar Thor Gotaas. Med utgangspunkt i Gotaas bok "På loffen" har dei laga eit kosept som heiter "Lofferkveld", der forfatteren kåserer om loffere i norsk tradisjon og Grove Horn støtter opp musikalsk med gamle lofferviser, rallarviser og liknande.

 

To damer og to herrer

Dei profilerte folkemusikarsystrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er mellom trekkplastera på Jeremias-festivalen 13.-15. november. For fjerde gong skal Jeremias-festivalen, oppkalla etter folkemusikaren Jeremias Henden, gå av stabelen på Sandane. Arrangøren lokkar med fleire sterke namn. Aller størst forventningar vil nok publikum ha til To damer og to herrer. Gruppa består av søskenpara Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen. Dette er ei suveren gruppe. Vi ser verkeleg fram til konserten i kultursalen i Trivselshagen laurdag kveld, seier Atle Nygård og Svein Hjellbakk i Jeremias-festivalen. Dei fire felespelarane skal opptre både som kvartett, duoar og solistar.

 

© Jeremiasfestivalen 2017