2013

 

 

Majorstuen

Folkemusikkbandet Majorstuen består fem musikarar; Synnøve S. Bjørset, Jorun Marie Kvernberg frå Fræna– fele, Tove Hagen frå Rendalen – fele, Andreas Ljones frå Lillehammer – fele og bratsj, og svenske Anders Löfberg – fele og cello. Dei fleste medlemane møtte kvarandre under studiar på Noregs Musikkhøgskole i Oslo, og bandet vart etablert i år 2000.

Majorstuen er eitt av få norske folkemusikkband som har iscenesett seg sjølv fullt ut, og mange vil meine dei har sett ein ny standard på folkemusikken. Utgangspunktet deira musikalsk er tradisjonsmusikken frå kvar av medlemane sine heimtrakter. På dei to siste utgjevingane har dei også laga eigne låtar. Mottakinga hos publikum og presse har vore overveldande positiv, og Majorstuen framstår i dag som eitt av dei aller viktigaste folkemusikkbanda i Noreg. Musikken dei framfører er akustisk, perfeksjonert og sjølvsikker. Dei har etablert eige plateselskap – Majorstuen Fiddlers Company – og har gjeve ut tre av platene sine på dette selskapet.

Lomsk

Folkrockbandet LoMsk sitt særpreg har vært deres tematiske album med rockeoperaens elementer.

Det hele startet med debutalbumet ”Song om ei segn” i 1994. Tekstene omhandler drapet som Kristen Forbergje begikk i 1735 i nabobygda Skjåk. I 1998 kom albumet ”LoMsk”, deres eneste som ikke er et temaalbum. Albumet ble produsert av Åge Aleksandersen.

Deretter kom de tre kritikerroste temaalbumene ”Bukkerittet” (2005) som tok for seg Henrik Ibsens ”Peer Gynt”, ”Amerikabrevet” (2007) om den store utvandringen fra Norge til Amerika (Spellemannsnominert) og ”Lavrans dotter” (2009) som tok utgangspunkt i Sigrid Undset sin roman om Kristin Lavransdatter.

Lomsk sin frontfigur Lars Bakke har utvilsomt et låtskrivertalent med radiolåter som bl.a. ”Berre dans”, ”Draumejente”, ”Utestengd”, ”Utan ein”, ”Om eg svik” og ”Som å komme heim” på CV`n.

 

Henning Sommero

Sommero vaks opp på garden Sommero på Skei I Surnadal kommune. Han vart folkeeige i 1977 då han saman med visegruppa Vårsøg (visegruppe) hadde suksess med viseversjonen av Hans Hyldbakk sine dikt ''Vårsøg,'' på plata med same namn.

Han fekk sine første timar i orgel og piano ved Trøndelag Musikkonservatorium som 16-åring. Fra 1970 studerte han ved organistlinja der, med eksamen i 1974. 1974-76 var han organist i Stangvik og Todalen. 1976-77 studiar i orgel og komposisjon ved musikkakademiet i Basel. 1978-82 musikalsk leiar ved Teatret Vårt i Molde. 1985-90 musikalsk leiar ved Trøndelag Teater. 1986-88 programsekretær og musikkkonsulent for NRK P2. Fra 1990 knytta til ''Trøndelag Musikkkonservatorium'', no ''Institutt for musikk'', NTNU, der han er professor.

Sommero si karriere som utøvande musikar starta i ungdomen med bandet ''The Tramps'', som seinare endra namn og stil til dansebandet ''Mad Movies'', og i 1977 platedebuterte som visegruppa Vårsøg]. Vårsøg ga ut tre plater. Seinare har Sommerro opptrådd åleine med ulike ensemble og som akkompagnør: Erik Bye, Sigmund Groven, Geirr Lystrup, Halvdan Sivertsen, Bjørn Alterhaug, Brynjar Hoff, Dalakopa, Arve Tellefsen, John Pål Inderberg, Palle Mikkelborg, Åge Aleksandersen, Arne Domnerus, Aly Bain, Choeur Grégorien de Paris og Hans Rotmo.

Han har skrive musikk til over 140 scene og filmproduksjonar. Frå lista over desse kan nemnast Kjærleikens ferjereiser (film) |Kjærleikens ferjereiser (1979); An-Magritt (musikal) | An-Magritt (1988);(nominert til Nordisk Råds Musikkpris 2008) Landstrykere (film) |Landstrykere (1989); Steinvikholmen-operaen Olav Engelbrektsson (opera) |

Olav Engelbrektsson 1993; Operaen ''Eystein av Nidaros'' (2003) Operaen "Querini" (2011) Partisan Requiem (2000) og gamaldansmessa Vindens hjul (1994). Elles har han tonesatt dikt av Hans Hyldbakk og salmar av Edvard Hoem.

I 2013 utnemnde kongen Sommerro til kommandør av St. Olavs Orden.

 

Elin Pehrson Grytting

Elin Pehrson Grytting kjem frå Bærum, har slektsrøter i Aurland og kom til Gloppen i 1976. Er utdanna musikkpedagog, som folkedansar og innan lokalhistorie og forming. Har undervist i musikk-/kulturskulen i Gloppen, i skuleverket på alle nivå, på høgskular, og i det frivillege musikklivet. Sidan 1989 har ho vore fylkesmusikar i Sogn og Fjordane. Ho har tileigna seg stor kjennskap til dei folkelege musikk- og dansetradisjonane i Sogn og Fjordane, både gjennom innsamlingsarbeid, konsertverksemd og andre prosjekt. Ho vert i dag rekna som ein av dei fremste ressurspersonane på Vestlandet innan vokal folkemusikk. Elin har turnert mykje for både Rikskonsertane, Den kulturelle skulesekken og Folkeakademiet og har vore på fleire oppdrag i utlandet. Ho er eit oppkomme av folkesongar og historier, og kjend som ein dyktig og engasjerande formidlar – ikkje minst for born i alle aldrar.

 

Hanne Bergliot Oftedal

Hanne Bergliot Oftedal - vaks opp i Osloområdet, men har budd i Gloppen i 25 år.

Ho har arbeidd som musikkterapeut med dei fleste aldersgrupper, som høgskulelærar på musikkterapiutdanninga på Sandane og som kulturarbeider. Forteljing og eventyr har alltid hatt ein sentral plass i arbeidet som musikkterapeut, høgskulelærar, kursholder, veiledar og som utøvar i ”Den kulturelle skulesekken”. Dei siste åra har ho teke forteljarrutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho fortel eventyr frå mange land, jegforteljingar, rim og reglar, og bruker og song og musikk som del av framsyningane sine.

Elin Pehrson Grytting og Hanne har hatt fleire program i ”Den kulturelle skulesekken” saman.

 

 

© Jeremiasfestivalen 2017