2012

 

 

Valkyrien Allstars

Valkyrien Allstars vart etablert i 2002 og består av Tuva Livsdatter Syvertsen, Ola Hilmen og Erik Sollid. Trioen spelar hardingfele og syng, med Tuva som leiande vokal. Inspirasjonskjelda var spelemann og plateprodusenten Hallvard Kvåle. Med seg i bandet har dei til vanleg Magnus Larsen på bass og Martin Langlie på trommer.

Musikken som dei framfører har rot i det norske tradisjonsmiljø, men ved sjølv å eksperimentere og blande stilar og sjangrar, har dei utvikla sitt eige lydbilde og «sound». Dette gjer musikken både nyskapande og internasjonal. Dei elskar å leike seg fram til nye variantar, men alltid med respekt for det genuine. Songen gjer det musikalske bildet ein ytterlegare dimensjon ved å kombinere stev- og kveder- tradisjon med eit noko meir urbant og rocka uttrykk. Tekstane er til dels henta frå kjente forfattarar, men òg her blandar dei mål og form for å skape sitt eige uttrykk.

Valkyrien Allstars har sitt hjarte i folkemusikken og si sjel i den kreative vidareformidlinga. Nettopp difor maktar dei å få stadig nye tilhøyrarar til å fornemme korleis musikken kan bergta. Ikkje berre fordi den rykkjer i dansefoten, men rett og slett fordi den vibrerer i den enkelte sin kjenslestreng. I improvisasjonen si and let dei seg inspirere av så vel blues og jazz, som reggae og rock. Musikalsk pågangsmot og ungdommeleg driv bidrar til å gje begrepet folkekultur ei by betyding og levande musikk eit nytt innhald.

Det er Valkyrien Allstars sitt mål og håp at ingen skal kjenne seg upåverka av innhaldet og dei minner samstundes om at musikk ikkje kjenner alder eller grenser- kun frimodigheita av eit opent sinn.

Valkyrien Allstars kom til finalen i NRK-programmet «Kjempesjansen» og mottok Grappa sin Debutantpris samt turnerte med Rikskonsertene i 2006. Året etter vart dei nominert til Spelemannsprisen som «Årets Nykommer» og kåra til «Årets Folkemusikkartist» under Folkelarm i Oslo 2008. I tillegg til å ha spelt på ei rekke festivalar i Noreg, har gruppa haldt konsertar i blant anna Holland, Danmark, Sverige, Ukraina og Russland. Elles har Tuva Livsdatter Syvertsen vert med i NRK- si storsatsing ”Stjernekamp” som har gått på TV laurdagskveldane denne hausten. Her har Tuva gjort det framifrå bra, og fått gode tilbakemeldingar frå dommarpanelet og publikum elles. Finalen går andre veka i november.

 

Øyvind Lyslo

Øyvind Lyslo kjem frå Sandane i Nordfjord. Han har musikkutdanning frå Griegakademiet, Norges Musikkhøgskule i Oslo og Musikkhøgskulen i Frankfurt. I tillegg til ei rekkje konsertar og turnear her i landet for m.a. Rikskonsertane, har han gjeve solo og kammerkonsertar i Tyskland, England, Venezuela, Sverige, Island, Polen, Nederland, Skottland og Øst-Timor, og han har fått ei rekkje glimrande kritikkar for sitt gitarspel.

Øyvind har også medverka som musikar, arrangør og komponist i større eller mindre grad på omlag 15 CD produksjonar sidan 1990, i eit musikalsk spenn frå folkemusikk til klassisk, latinamerikansk, samtidsmusikk og viser.

 

Synnøve Nordvik

Ho er utdanna ved Griegakademiet i Bergen der ho avslutta sin Mastergrad i utøvande musikk i 2008 med Harald Bjørkøy og Hilde Haraldsen Sveen som sine pedagogar.

Ho studerer no hos den anerkjente operasongaren Elizabeth Norberg-Schulz, ein av dei leiande belcanto sangarar og lærarar i verden.Som lyrisk koloratursopran har Synnøve Nordvik eit repertoar som spenner frå tidleg renessanse/ barokk til moderne musikk. Fekk hausten 2011 utdelt kulturstipend frå Bergen Kommune.

Har også delteke på Masterclass med andre anerkjente songarar og pedagogar som t.d. Orren Brown, Susanna Eken og Kiri Te Kanawa.

 

Hanne Grete Heen

Hanne Grete Heen kjem frå Rakkestad kommune i Østfold. Utdanninga hennar er frå Østlandets Musikkonservatorium. I 1987 kom ho til Gloppen og vart tilsett ved Gloppen kommunale musikkskule som klaverpedagog og distrikstmusikar. Ho har medverka i ei rekke skulekonsertproduksjonar, vore mykje nytta som akkompagnatør samt repetitør ved Opera Nordfjord. Ho har og vore nytta som cembalist i kammermusikkonsertar og oratorier i fylket. Sidan 2002 har ho vore tilsett som lærar ved musikklinja på Firda vgs.

 

Linda Øvrebø

Linda Øvrebø er fødd i Bergen 24. januar 1966 og hadde sine seinare oppvekstår i Jølster. Ho er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium og ved Noregs musikkhøgskule, med diplomkonsert under Festspela i Bergen i 1993, som elev av Ingrid Bjoner. Året etter debutkonserten i Oslo i 1995 fekk ho Kirsten Flagstad-prisen. Før det fekk ho Ingrid Bjoners songstipend i 1993, Grieg-prisen i 1994 og Esso-prisen i 1995. Øvrebø har markert seg internasjonalt ved framføringar i ei lang rekkje land, ofte med songar frå Peer Gynt. Øvrebø har vore solist med alle dei store orkestera i Noreg og har vore med på mange turnear.

Ved Den Norske Opera har Øvrebø hatt ei lang rekkje roller- 2010 turnerte ho med stor suksess i rolla som kona til den blinde predikanten Matias Orheim. Ho har spela inn fleire CD-ar, den siste med songar av Johannes Haarklou.

 

Mellow Marsh

Bandet Mellow Marsh, som består av sju elevar frå musikklina ved Firda vidaregåande skule. Dei sju bandmedlemene kjem frå sju forskjellege kommunar i Sogn og Fjordane. Bandet, som har spelt frå inst i Jostedalen til ytst i havgapet i Sula, er hovudsakleg eit coverband, men medlemene skriv og framfører også eigne låtar. Inspirasjon hentar dei frå band som Katzenjammer, BigBang, Arctic Monkeys, Lissie og Stevie Wonder. Under Sandane-dagane 2012 underheldt dei frå utescena til stor aplaus frå publikum. Dei skal også vere med og spele på Julelutt i Trivselshagen.

 

Eid Spelemannslag

Eid Spelemannslag er eit mykje brukt gamaldansorkester i lokalmiljøet, som spelar variert musikk med god puls og engasjert trøkk.

Repertoaret til Eid Spelemannslag er alsidigt. Alt fra reinlender til smektande tango-rytmar. Gruppa har god danserytme og sprer glede glede med sin fengande dansemisikk . Spelemannslaget har også delteke i mange festivalar og andre tilstelningar rundt i fylket.

 

Austrheim Musikklag

Austrheim Musikklag sin fødestall i 1917 var ei smie. Såleis gjekk dei første åra under namnet Smiemusikken. Laget er eldst i fylket og eit av dei eldste i landet.

 

Austrheim Musikklag er mykje brukt til dansespeling rundt i kommunen, men også utaføre kommunen som t.d. Førde, Volda, Ørsta. I 2007 feira Austrheim Musikklag 90 år. Dette feira dei med å reise rundt i alle 26 kommunane i fylket, der dei spela til dans og underhaldning.

Austrheim Musikklag spelar slåttar som vals, reinlender, mazurka, polka, hamborgar og parisar. I tillegg har laget ein god del slagerer på repertoaret, melodiar som vart spelt i radio på 50- og 60-talet. Fleire av desse har enkle refereng som er gode å synge til. På dette området er nok ikkje Austrheim Musikklag heilt stovereint, men når paret svingar seg på dansegolvet, ligg det mykje god helse i å synge med på velkjende refereng. Det er slikt som kan gje høg stemning i ein dansesal. Under Fylkeskappleiken 14. April 2012, vann Austrheim Mausikklag klassa for lagspel gammaldans.

 

Grannelaget

Grannelaget er ei folkemusikk / gamaldansgruppe på 6 medlemer. Musikalsk har gruppa eit allsidig og stort repertoar som spenner frå eldre folkemusikk til litt nyare rytmer. Gruppa kjem frå Gloppen og er mykje brukt i lokalmiljøet.I tillegg har gruppa delteke på stemner, festivalar og andre tilstelningar rundt om i dei næraste distrikta når det høver seg slik

 

© Jeremiasfestivalen 2017